Sand Ungdomskule 

Artikkelen fortsetter under annonsen

Eg er så heldig å får vere lærar i arbeidslivsfag på ungdomskulen. Her har me jobba mykje med å få på plass eit godt tilbod til dei elevane som vel arbeidslivsfag. Sand ungdomskule er ein MOT-skule og har blant anna som eit av mange mål, «Å skape samfunnsbyggarar»

Det er vel ikkje noko hemmeligheit at skulen ofte blir veldig teori-tung. Då er arbeidslivsfag eit knakande godt tilbud, då spesielt til dei som lærer betre gjennom praktisk arbeid. Me har berre hatt arbeidslivsfag nokre få år og arbeider ennå med å leggje eit godt og solid grunnlag i faget og har dette som eit satsingsområde. Alle elevane frå 8 til 10 trinn får tilbod om arbeidslivsfag og eg har 21 elevar på 10 trinn, 17 på 9 trinn og 18 på 8 trinn på ein skule der me er omlag 140 elevar. 

Opplegget vårt er å gi elevane ein smakebit på så mykje praktisk arbeid som mogleg.

For å nemne noko, så lagar me mykje forskjellig i trevirke, alt frå bruksgjenstandar, benkar, bord, pyntegjenstandar, portalar, espalier m.m. Me lagar ting på bestilling og for sal! Elles har me sveisekurs og skogbruk kurs, der me lærer bruk av motorsag og ryddesag. Målet er at me skal kunne hogge, sage og produsere eige trevirke. Fleire elevar har elevbedrifter der dei mekkar på gressklipparar og anna motorisert som treng å fiksast, nokon har ein eigen smykkeproduksjon, nokre lagar mat/kantine, nokre elevar (10 klasse) er utplassert i ulike bedrifter i lokalsamfunnet, m.m.

Elles har me eit spennande prosjekt der me har fått hjelp av ein handverkar som lærar elevane gamal byggetradisjon, grindebygg. Det er eit grillhus/uteplass til skulen, som neste veke skal monterast.

Mi erfaring er at elevane blir ivrige og engasjerte i det praktiske arbeidet og det kjekkaste er å sjå glimtet i auga når dei meistrar utfordringar dei prøver for første gong, som t.d. sveising, få ein motor til å fungere eller feller sitt første store tre.

Eg er utruleg heldig som får vere lærar i eit så kjekt fag?

Annonse

Annonse